Ein tredje kuti er i bruk – og meditasjonshallen får snart golv!
Dei siste månadane har vinteren breidd seg over klosteret med sitt kvite teppe og mørke kveldar. Slik som årstidene går i syklus, er det òg ein naturleg variasjon i både arbeidsmengde og oppgåver gjennom året i klosteret. Den siste tida har tempoet vore litt lågare enn det var i sommar og haust. Likevel er det arbeid dei fleste dager, som fører oss eitt og eitt steg nærmare eit fullverdig kloster og meditasjonssenter.
Kutien «Tibet» er ferdig og i dagleg bruk
I fjor sommar begynte me å setje opp den tredje koia, eller kutien, her i klosteret. Det kan du lese meir om frå juni i vår førre nyheitsoppdatering. Nå på nyåret gjenstod nokre siste detaljar, som å setje inn vindauge, vedomn og pipe. Vindfanget og trappa har fått eit skikkeleg rekkverk, som er ein god tryggleik i det bratte terrenget. Det aller meste av treverket har blitt tjørebredt, så nå er kutien godt beskytta og ser riktig så flott ut.
Ordet kuṭī kjem frå pali og betyr hytte eller husly. Frå Buddhas tid og fram til i dag er det ein bevart praksis at ein munk har sitt husvære i ein slik enkel eittroms bygning. Her kan han trekkje seg tilbake for meditasjon, studier og kvile.
Ein monastiker skal stadig, med rett merksemd, reflektere over korleis og korfor han brukar dei fire rekvisittane (paccavekkhana): kapper/klede, mat, husly og medisiner.
På denne måten skal han reflektere over husly (senāsana), for eksempel ein kuti:
Eg skal bruke husly med vis refleksjon,
Berre for å avverge kulde og varme,
For å komme unna fluger og mygg, vind, brennande og krypande ting,
For å komme unna farleg vêr, og for å leve tilbaketrekt i einsemd.
Sjå fleire bilde av «Tibet»:
Snart blir det golv i meditasjonshallen
Nå har 108 bord med opp til 40 cm breidde blitt tilverka i snekkerverkstaden. Det burde vere godt utgangspunkt for eit solid golv! Golvborda har blitt stabla i meditasjonshallen for såkalla akklimatisering, som betyr at dei skal tørke ei stund i det miljøet der golvet skal liggje. I starten av april startar me å leggje golvet.
Vil du støtte byggeprosjektet?
Gjennom over 2500 år har den buddhistiske klostertradisjonen vore avhengig av materiell støtte frå legfolk som gjer frivillige donasjonar. Vingrom Buddhistkloster følgjer den same tradisjonen. På grunn av rause støttespelarar har det vore mogleg å bygge meditasjonshallen og andre prosjekt i klosteret. For å ferdigstille meditasjonshallen vil det vere nødvendig med ytterlegare økonomiske midel.
Donasjonar kan overførast direkte til Bodhibhumivana Buddhistsamfunn sin bankkonto 1506 04 30028 (DNB) eller via Vipps 510458. Merk med «meditasjonshall».
Donasjonar frå utlandet kan overførast til:
1506 04 30028 (DNB)
BIC/SWIFT: DNBANOKKXXX
IBAN: NO7115060430028
Her kan du lese meir om byggeprosjektet: Prosjekt meditasjonshall





























